Brann i Novemabygget på FLå
Illustrasjonsfoto

Brann i Novemabygget på FLå

1630 meldte politiet om brann i industribygg på FLå
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 07.04.2017 16:44
Sist oppdatert : 07.04.2017 21:13

Det er Novemafabrikken som det er brann i. Politiet melder at brannmannskapa er framme, men ikkje politiet. Det blir kl 1650 meldt om at brannen er kraftig og brannmannskap frå Krødsherad og Hønefoss er kalla inn.

Klokka 17 var brannen enno ikkje under kontroll.

Fredag kveld blir det meldt at brannen er sløkt, men at det truleg blir vakt utover natta då det tek tid før det heile av avkjølt. Det er den gamle delen av NOvema som er totalskadd og truleg må rivast. Den nye delen har så så si ingen skader takka vera branncelle mellom bygga.

Novema sysselset 40 personar og er den største private arbeidsplassen i FLå. Den er eigd av franske interesser. Det blir no arbeidd med å finne midlertidige lokale for produksjon. Alt produksjonsutstyr og delelager gjekk med i brannen.

Brannårsaka er ikkje avklart. SIste mann gjekk frå jobb kl 15 og 50 minutt seinare gjekk alarmen. Då brannmannskapa kom fram etter kort tid, var det full fyr.






Annonse:
ustekveikja


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS