Engasjerte elevar møtte barneombodet
Barneombod Anne Lindboe med ein 7. klassing frå Gol.

Engasjerte elevar møtte barneombodet

Spørsmåla sat laust hjå 7. klassingane på Gol når barneombodet opna for spørsmålsrunde.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 29.03.2017 15:17
Sist oppdatert : 29.03.2017 15:30

Barneombod Anne Lindboe møtte 7. klassingar både på Gol og Nes onsdag som ein del av reisene ombodet gjer omkring i landet for å møte dei ho arbeider for, barna. I følge barnerettskonvensjonen er alle under 18 år barn.

Etter å ha gitt elevane ei grei forståeleg innføring i barnekonvensjonen og dei rettane barn har i følge den, opna ombodet for spørsmål frå elevane. Etterkvart som dei vart varme i trøya, vart det tett mellom spøsmåla. Her vart teke opp svært konkrete problemstillingar i forhold til skulen, foreldre og kameratar. Og når timen var slutt, vart dei inviterte til å møte staben til barneombodet i campingvogna barneombodet, og der kom spørsmåla minst like tett.

Meir i fredagsmagasinet.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS