Illustrasjonsfoto.
Leiteaksjon ved Nystølen
Det blir sundag ettermiddag leita etter ein mannleg skiløper i området ved Nystølen på Nes
Politiet melder at vedkomande sist vart sett i ei skiløype i nærleiken av Nystølkroken kafe om lag kl 1400 sundag. Mannen er i 80 åra er kledd i raud fjellanorakk, raud og kvit lue og blå skibusker. Politet ber om at tips og observasjonar blir meldt til dei.
Oppdatering kl 23.20: Politiet melder no at søk framleis pågår. Røde Kors og redningshundar er med og eit Sea King helikopter er også sett inn i leitinga.
Den sakna vart funnen litt før kl 0300 natt til måndag og vart transportert med SeaKing til universitetssjukehuset i Oslo. Tilstanden var då ukjent for politiet.
Politiet melder måndag formiddag at personen døde på sjukehuset