Stor stas.
Dagleg leiar i Geilo Handelslag Nina T. Fagertveit åpnar Spar Geilobrua. (Alle foto: Rita Stavn)

Stor stas.

Gleden var stor hjå mange då snora til Spar Geilobrua vart klyppt torsdag formiddag
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 16.03.2017 14:19
Sist oppdatert : 16.03.2017 14:47

600 m2 Sparbutikk er no klar til å ta i mot kundar frå aust og vest. Eit av hovudformåla med å få butikk på den sida av brua er i følge Spar Geilo å minske kaoset i Geilo sentrum når det kokar som verst med folk. Her er god parkeringsplass og butikken inneheldt det meste av det som trengs. Det var mange som uttrykte stor glede over å ha fått dette tilbodet attende. Geilo handelslag var i same lokala på halvparten så stort areal i 7 år mens dei venta på nybygget i sentrum. Dan Wold, som har jobba på Geilo handelslag sidan han var 13 år, er tilsett som butikksjef på Spar Geilobrua.

Meir i fredagsmagasinet

!Dan Wold er butikksjef ved Spar Geilobrua. Nina T. Fagertveit dagleg leiar Geilo Handelslag.

 

Ein liten videosnutt frå snorklyppinga som Dan Wold foretar.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS