Illustrasjonsfoto
Lommeringing førte til utrykning
Bruk tastelåsen er oppfordringa frå politiet på Geilo etter unødige utrykningar torsdag
Tidleg torsdag ettermiddag ringte nødtelefonen hjå politiet og dei høyrdest tung pusting og pesing. Dette førte til utrykning frå alle nødetatane, men etterkvart viste det seg at ringinga til politiet hadde skjedd på grunn av såkalla "lommeringing"! Og ikkje nok med. Politiet melder at dei har fått fleire lommeringingar i løpet av torsdagen, noko som førte til mykje og unødig ressursbruk. Politiet har derfor følgjande klare melding til mobilfolket i fjellet: BRUK TASTELÅSEN PÅ MOBILTELEFONEN