Endeleg venterom på Gol skysstasjon!
Sentrale personar prøvesit venterommet.

Endeleg venterom på Gol skysstasjon!

Gol skysstasjon er ikkje heilt ny, men fram til no så har det ikkje vore noko venterom for dei som ventar på bussen. No er det opna!
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 01.03.2017 17:44
Sist oppdatert : 01.03.2017 17:52

Venterommet har 18 sitteplassar og er lyst og fint. Det er oppe alltid når det kjem ein buss takka vera tidslås.Skysstasjonen ved Gol har stor trafikk og det har vore eit klart sakn at det ikkje har vore nokon stad å gå inn for å vente. No skulle delar av skysstasjonen rehabiliterast likevel i samband med utskfiting av ventilasjonsanlegg, og dermed vart dette ordna i same slengen. Hallingbygg har stått for arbeidet gjennom ein totalentreprise. Buskerud fylkeskommune er medfinansiør då dei gjennom sitt holdingselskap eig 41 % av skysstasjonen.

Reint historisk så er dette skysstasjon nr. 3 i Gol. Den fyrste låg på Rolfshus, den andre på Eidsgard hotell. Det var den tida hesteskyss var det som galdt!

Meir i fredagsmagasinet








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS