Hyttekjøparane vil høgt til fjells.
Hyttekjøparane vil også høgt til fjells.... Illustrasjonsfoto

Hyttekjøparane vil høgt til fjells.

Hytteprisane i Hallingdal går jamt og trutt oppover, ikkje minst i Flå.. Og kjøparane siklar etter hytter og tomter på snaufjellet!
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 15.02.2017 12:11
Sist oppdatert : 15.02.2017 12:24

Kjøparane følgjer tregrensa oppover mot snaufjellet viser det seg. Så spørs det kor mange tomter det blir lagt tilrette for på snaufjellet, eit område som etter manges vurdering ikkje skal brukast til det formålet... Men interesse for å få kjøpt eller bygge høgast mogleg opp mot snaufjellet aukar, viser tall for dei som sel tomter og hytter. Følk søker naturleg nok etter snøen.
Prisane i Hallingdal er framleis blant dei høgste i landet. Prisane som er oppgitt her er såkalla Medianprisar. Det betyr prisar med på skalane for selte hytter, og er ikkje ein gjennomsnittspris. For Hallingdal sin del så toppar Flå den statistikken med 3,25 millionar. Nes følger deretter med 2,75 mill, Hol med 2,68 mill, Gol 2, 525 mill og Hemsedal med 2,522 mill pr hytte.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS