Ein stor og viktig dag for Hallingdal.
Øystein Lappegard har hatt ei sentral rolle i utviklinga av nye Hallingdal sjukestugu, Foto; Rita Stavn

Ein stor og viktig dag for Hallingdal.

Smilande folk overalt, dei fleste i Hallingklede. Det var ein stor dag for Ål og Hallingdal då Hallingdal sjukestugu vart offisielt opna torsdag.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 09.02.2017 19:44
Sist oppdatert : 10.02.2017 01:57

For 40 år sidan vart Hallingdal sjukestugu etablert og var også den tida ein framtidsretta institusjon. No er det største utbygginga nokon gong av sjukestugu gjennomført og Hallingdal har fått ein modell for lokalmedisinsk senter som kan bli ein modell for mange andre stader i Norge. Det vart også sterkt understreka av statssekretæren i helse - og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann då ho helste til kommunen og Vestre VIken. Samarbeidet som har vore mellom Vestre VIken helseforetak og Ål kommune/Hallingdalskommunane har vore heilt avgjerande for å få til det som i dag vart opna og som sikrar hallingane avanserte helsetenester nesten rett utafor døra.

Du får høyre frå opninga i fredagsmagasinet 10. februar med reprise måndag 13. februar.

! Fornøgde ordførarar, statsekretær, sjukehusdirektør, høgskolerektor og rådmann før opninga.

Det var ungdommar frå Ål kulturskule og Hugnad ungdomslag som stod for dei kulturelle innslaga på opninga.

Spretne karar med laus.

Ida Bakken frå Torpo imponerte med  Hallelujah i Leonard Cohen versjon.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS