12 lottomillionærar i Hallingdal til no.

Gjennom Lottospelet si 20 årige historie i Noreg har det 12 hallingar som kan hevde å ikkje vera som andre millionærar............
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 09.05.2006 15:41

Gjennom Lottospelet si 20 årige historie i Noreg er det 12 hallingar som kan hevde å ikkje vera som andre millionærar............

Ein oversikt frå Norsk Tipping viser at det har vorte 12 Lottomillionærar i Hallingdal i løpet av desse 20 åra. Den aller fyrste Lottomillionæren hadde spelt på Gol i veke 19 i 1993. Han leverte to kupongar og kunne innkassere  2 122 238 kr.

Til saman har dei 12 håva inn om lag 37 millionar kroner. Det er flest millionærar av Lottotypen i Hol, 4 stk. Gol har 3, Ål 1, Hemsedal 1, Nes 2 og Flå 1.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS