Dødt løp i 1. semifinalen.

Tysdags kvelden gjekk 1. semifinale i Kven veit mest og meir spennande enn det Gol og Hemsedal fekk det til å bli, går det ikkje an å få til....
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 03.05.2006 13:03

Tysdags kvelden gjekk 1. semifinale i Kven veit mest og meir spennande enn det Gol og Hemsedal fekk det til å bli, går det ikkje an å få til....

Hemsedal tok leiinga frå starten med nokre få poeng etter at begge laga hadde fått dei verste sommarfuglane ut. Det var tydleg at det no var skjerping frå begge laga  i og med at det sto om finaleplass i årets Kven veit mest. Gol tok over leiinga etterkvart og leidde med 4 poeng når halve tevlinga var over. Så mot slutten tok Hemsedal til å dra innpå igjen, og før siste spørsmål var det heilt jamt i poenga. Heller ikkje siste spørsmålet klarte å skilja semifinalistane - det heile enda uavgjort. Dermed hamna begge laga i finalen som går 6. juni.  Den andre finalisten blir klar etter at Nedre Ål og Geilo har møttes den 23. mai.
Den spennande tevlinga frå tysdag kveld kan du få med deg onsdag kl. 15. 00 i PÅ Heimveg.


Gol 1 og Hemsedal

"Kven veit mest"








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS