Sondre Bratland til Gol.

9. april vil Sondre Bratland med fleire presentere sanger etter Lisa Sandell - Lapp Lisa i Gol kyrkje.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 22.03.2005 13:32

9. april vil Sondre Bratland med fleire presentere sanger etter Lisa Sandell - Lapp Lisa i Gol kyrkje.

Konsert med Sondre Bratland, Synnøve Rognlien, Tore Bruvoll og Knut Arne Snøås.
Gol kyrkje, 9. april kl 20. Inngang 150 / 100.

Lina Sandells songar har blitt folkeeige både i Sverige og Noreg. 100 år etter hennar død sit songane hennar framleis sterkt i våre hjarto. I ein stillferdig og vakker kyrkjekonsert blir det høve til å møte Lina Sandells liv skildra gjennom forteljing og utvalde songar frå hennar rikhaldige diktning. Folkekjære songar som bl.a. ”Blott en dag”, ”Ingen er så trygg i fare” og ”Bred dina vida vingar” blir framførde med nyskapte og spennande arrangement. Den kjende folkesongaren Sondre Bratland har tatt med seg tre unge musikarar til å formidle kjende og mindre kjende songer av Sandell. Tore Bruvoll har ved fleire høve synt at han trakterar sine gitarar på ein svært musikalsk og teknisk måte, med spennvidde frå blues til folkemusikk. Knut Arne Snøås kjem frå eit spennande folkemusikklandskap, og har saman med bl.a. Knut Buen gitt interessante tolkingar av tradisjonsmusikk for orgel og hardingfele. Synnøve Rognlien har musikkbakgrunn frå bl.a. Tonheim, og folkemusikkstudiet ved HiT på Rauland der ho studerte song med Sondre Bratland. Med si kjenslevare stemme tolkar ho musikk frå ulike sjangrar. Ved sida av at ho komponerer eigen musikk, turnerer ho fleire stader i det sørlege Norge, og har nyleg gjeve ut ein singel med Iver Kleive som akkompagnatør. Velkommen til ein stemningsfull konsert der konsertpublikum også får høve til å deltaka i ein del av dei mest kjende songane.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS