Andedamtenking.

Ordførar Jan Halvard Brekko har lite til overs for forslaget til strategisk plan for Hallingdal og vil ha slutt på at politikarane i regionsamanheng arbeider for eigen kommune og ikkje for Hallingdal.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 26.01.2006 10:14

Legg att kommunevåpena heime ber Jan Halvard Brekko
Ordførar Jan Halvard Brekko har lite til overs for forslaget til strategisk plan for Hallingdal og vil ha slutt på at politikarane i regionsamanheng arbeider for eigen kommune og ikkje for Hallingdal.

Det er i merknadane til saka som no skal til formannskapet at ordførar Brekko melder misnøya si med eksisterande planforslag. Fyrst er det klare meldingar til politikarane i Hallingdal som skal stelle med denne planen og andre regionale saker at dei legg att kommunevåpena heime og at regionplanen ikkje blir nokon fordelingsplan der alle må ha med noko heimatt fordi det egentleg målet til politikarane er å arbeide for heimkommunen og ikkje for regionen.
Politikarane får også det rådet av ordføraren at dei skal spela rolla som formannskap og kommunestyre for kommunen HALLINGDAL når dei behandlar denne saka.

Når det gjeld innhaldet i planen, er ordførar Brekko lite nøgd med det og syns at planen slik den no ligg føre ber preg av å vera ein plan full av andedamtenking. Han vil ha inn eksterne krefter til å arbeide vidare med det som ligg føre før det kjem til politisk behandling.

Her er ordføraren sine vurderingar:

 

Skal denne planen ha nokon verdi for Hallingdal er det viktig at politikarane i regionen set seg inn i dei utviklingstrendane som planen skal ”tøyle”. Det er og like viktig at dei legg att ”kommunevåpenet” heime.
Dette må vera ei plan for å lyfte Hallingdal som region, og planen må for all del ikkje bli ei ”fordelingsplan” der kvar kommune skal matematisk bli like mykje ”farga”.
Eg finn grunn for å minne om dette fordi eg fleire gonger har vorte skremt av utsagn som ”me må ha med oss noko heim att”, eller ”ting må fordelast likt” og ”det er viktig at det drypp likt på alle”.
Dette er utsagn som set kvar kommune framfor ei total regionutvikling og som me må vera oss ansvaret bevisst å lyfte oss over. Verken Regionråd, Hallingting eller Strategisk plan må bli ein regional arena der politikarane i regionen eigentleg møtest for å arbeide for heimkommunen.

Difor er det viktig at at når me handsamar denne saka, så tenkjer me oss inn i rolla som formannskap for Hallingdal og kommunestyre for Hallingdal!
Ville me då at planen skulle sjå slik ut? Er det vektlagt dei rette elementa for at Hallingdal skal gå rett veg?

INNHALDET:
Etter ordføraren si meinig kan ikkje ein framtidsvisjon for Hallingdal sjå slik ut. Eg kunne også tenkje meg at alt bakgrunns/underlagsmaterialet var eit eige hefte som vedlegg i staden for ei lang innleiing.

DEL 5 er den eigentlege strategiske planen. Etter ordføraren sitt syn er denne for altomfattande og framstår omtrent som ei reinskriving frå ”brainstorming”.
Ordføraren les spesielt mål 2 med interesse. Dersom kommunane i Hallingdal sluttar seg til denne ser ordføraren det som rein politisk feigheit at me ikkje i staden kan gå for ei kommune i Hallingdal. Ingen kan vera i tvil om at mål 2, pkt a og b ville bli best ivaretatt med ei kommune i Hallingdal.

Konklusjonen må bli at det arbeidet som er utført er eit greitt grunnlag for å arbeide vidare, men at det må gjerast ein grundig prosess framover for å få ei teneleg plan.
Kanskje det vil vera rett å få med nokon ressurpersonar som kan vera med å sjå utfordringane til Hallingdal utanfrå. Planen slik den ligg føre no, kan bera preg av ei viss ”andedam-tenking”.


Framlegg til vedtak:
Gol kommune vurderer ikkje planforslaget som klart for endeleg vedtak.
Forslaget må sjåast på som eit utkast som må bearbeidast vidare. Del 5 (den eigentlege planen) må strammast kraftig opp for å synleggjera strategiane.
Gol kommune meiner at dersom det blir for mange satsingsfelt signaliserer det ingen klare prioriteringar. Gol kommune ber regionrådet vurdere om det er nødvendig med hjelp ”utanfrå” for å vurdere Hallingdal sine mogelegheiter og utfordringar i framtida..

Gol, 20.01.2006
Jan-Halvard Brekko
ordførar








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS