Pålegg riving av hytte på Holsåsen.

THU i Hol vedtok samrøystes denne veka at dei vurderer å pålegge riving av ei hytte på Holsåsen. Eit firma blilr også varsla om at dei ikkje har gjort jobben slik dei skulle gjera den.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 12.01.2006 11:12

THU i Hol vedtok samrøystes denne veka at dei vurderer å pålegge riving av ei hytte på Holsåsen. Eit firma blilr også varsla om at dei ikkje har gjort jobben slik dei skulle gjera den.

Grunngjevinga for vedtaket er at det er forteke ei oppfylling som stemmer lite med krav som blir sett i reguleringsplanen. Hytta er lyfta opp frå eksisterande terreng med 90 cm i bakkant og 200 cm i framkant. Oppfyllinga blir av ansvarleg søkjar begrunna med at dette måtte til for å få fall på avløpsledningen. Administrasjonen vurderte det slik at hytta hadde fått ein skjemmande terrengtilpasning, og ein søknad om å avrunde fyllinga vart ikkje sett på som eit utbetrande tiltak som gjorde nokon vesentleg forskjell og vart avslegen.
Firmaet Ål gravemaskindrift AS vart gitt ei åtvaring for å ha utført arbeid utan å søkje om ansvarsrett og for å ha utført oppfylling i strid med løysingane i byggeløyvet. Og tiltakshavaren får no førehandsvarsling om at kommunen vurderer å påleggje riving av dei utførte byggetiltaka.
Vedtaket kan påklagast til fylkesmannen.







Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS