"Dette er galskap!"

Direktør Rasmus Sandnes ved Dr. Holms hotell på Geilo roper eit sterkt varsko til dei som sit med ansvaret for politiberedskapen i Hallingdal etter å ha opplevd at nesten alle styrker var i Hemsedal.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 06.01.2006 21:13

Direktør Rasmus Sandnes ved Dr. Holms hotell på Geilo roper eit sterkt varsko til dei som sit med ansvaret for politiberedskapen i Hallingdal etter å ha opplevd at nesten alle styrker var i Hemsedal.

I ein e-post til lensmann Seim og ordførar Kaupang med fleire understrekar direktør Sandnes at hotellgjestene på Geilo ikkje har hatt ein einaste episode med eigne gjester denne romjulshelga til tross for at det var rekordbesøk også på Geilo. Godt vakthald og samarbeid er ein av årsakene til dette.

Når Sandnes likevel roper kraftig varsko, så er det ut frå det faktum at det år om anna har vorte fleire og fleire lokale ungdommar som er årsak til episoder som fort kunne vore alvorlege, så også denne helga, serleg nyårskvelden.  Det er serleg samllinga av lokale tildels sterkt berusa ungdomar inntil Dr. Holms hotell nyårskvelden som bekymrar. Her foregår rakettoppskytingar i regi av lokale berusa ungdomar midt blant store folkemengder, tildels mot hotellet. Verken brannvesen eller politi var tilstades, men etter ei god stund kom ei patrulje til stades, men då var dei fleste gått.

Sandnes ber på det instendigaste om at vaktsituasjonen på Geilo blir tilpassa det som er forsvarleg og naturleg, dagens situasjon er heilt uforsvarleg. Han er bekymra for at problema i Hemsedal skal gå utover tryggleiken til resten av distriktet. Direktøren vil no vera i forkant å få til eit godt samarbeid mot dei komande høgtidene med mykje folk, ikkje minst med tanke på nyttår 2006.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS