All forsikring til Gjensidige Hallingdal.

Gjensidige Hallingdal har no inngått kontrakt med alle kommunane i Hallingdal om all forsikring unnateke pensjonsforsikringane.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 16.12.2005 21:26

Frå v: Fred A Kramer, Gabriel Johannesen, K.A. Gurigard, Magne Medgard, Lorns Letnes og Kari Norheim Larsen, som skriv under.
Gjensidige Hallingdal har no inngått kontrakt med alle kommunane i Hallingdal om all forsikring unnateke pensjonsforsikringane.

Kontrakta utgjer om lag 8 % av Gjensidige Hallingdal sin omsetning i Hallingdal og gjeld for 4 år framover. Premiebeløpet er på 8 mill. pr år. Dette er utan samanlikning den største forsikringskontrakten Gjensidige Hallingdal  nokon gong har skrive under.
Det var 3 aktørar med i finalen, og GH vart plukka ut etter ein lang og grundig prosess der K A Gurigard, Fred A Kramer og ein innleigd forsikringsmeklar var med.

Kommunane vil gjennom kontrakten få tilgang til mykje kompetanse frå GH som på si side også gjennom avtalen vil utvikle eigen kompetanse, seier Magne Medgard.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS