Ål kommune ber om ekstraordinært Hallingting viss
Ål kommunestyre slutta seg til formannskapet sitt innspel om dette i møtet torsdag kveld. Ordførar Solveig Vestenfor gjorde det også klart at dersom Hallingtinget motset å ta opp til drøfting og vedtak ei felles uttale, vil Ål kommune alt no varsle at dei ber om at det blir innkalla til ekstraordinært Hallingting så fort som mogleg.
Det er nok at ein kommune set seg i mot å behandle ei sak under open post, og det er relativt stor sjanse for at Hemsedal og kanskje Gol set seg i mot. Ordførar Grøthe har alt varsla Buskerud fylkeskommune om at han ikkje ser det som realistisk at det blir ein felles uttale frå Hallingtinget om KPU Gol - Voss.
Meir i fredagsmagasinet 21.10.