Hasjplantasje på Geilo

Onsdag slo politiet på Geilo til mot eit privathus på Geilo og fann ein hasjplantasje
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 23.09.2016 13:46

Onsdag 14.9.slo politiet på Geilo til mot eit privathus på Geilo og fann ein hasjplantasje

I følge lensmann Torstein Seim var hasjplantasjen etablert i ein garasje og dei fann 50 hasjplanter der. Så langt er 2 personar som arbeider på Geilo sikta i saka, den eine av dei hadde også 5 gram hasj på seg då han vart teken.. Saka er framleis under etterforskning, og lensmann Seim ser ikkje bort frå at fleire blir sikta i saka.
Det er tilflytta ungdomar det i denne omgang er snakk om.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS