Barnestreker som kunne blitt alvorleg

Korvidt dei skjønte konsekvensane av kva dei gjorde er usikkert, men det kunne gått svært gale
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 02.09.2016 16:29

Korvidt dei skjønte konsekvensane av kva dei gjorde er usikkert, men det kunne gått svært gale

Nokre yngre gutar i Holsbygda tente for nokre dagar sidan på ei av søplekassene som sto inntil Hol velferdssenter på Vika. Før dei tente på, hadde dei helt bensin oppi, og virkningen vart nok større enn dei venta. Flammane sto høgt og heldigvis kom det folk til straks og fekk hindra at det tok fyr i veggen på bygget. Ungane sjølve skjønte at dette var meir enn dei hadde rekna med, og ringte sjølve brannvesenet.

Saka blir truleg anmeldt.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS