Store deler av gågata på Geilo stengt.

Det meste av den nye gågata på Geilo er no stengt også for gåande. Næringsdrivande fortvilar.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 14.07.2016 14:26

Det meste av den nye gågata på Geilo er no stengt også for gåande. Næringsdrivande fortvilar.

Det er laga til ei stripe for gåande langs heile arealet inn mot der dei fleste butikkane er, resten er sperra for gåande. Bakgrunnen er etter det RH erfarer at det no har kome ein rapport frå Asplan Viak som slår fast at dei berekningane som vart gjort og som prosjektet bygger på, ikkje er rett. Fundamenteringa er for dårleg og dekke for tungt. Fungerande rådmann i Hol, Jon Olav Trillhus seier til RH at Hol kommune er svært bekymra over konsekvensane at stenginga no midt i sumarsesongen og dei forventar av dei som eig prosjektet set fortgang i  å få til varige tiltak som gjer at området i framtida kan brukast til det det er bygd for. Frå  uoffiselt hald blir det hevda at det blir sett i gang større arbeid i september.

Det er også venta at det heile får ein etterspel i rettssystemet.

 

Gågata på Geilo torsdag formiddag.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS