Klagar på vedtak om gågate Myren.

Ål handelsstandforening og Blomsterpikene vil ha omgjort eit tidlegare vedtak i hovudutvalet som kor lenge det skal vera gågate i Myren på Sundre
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 04.05.2016 14:42

Ål handelsstandforening og Blomsterpikene vil ha omgjort eit tidlegare vedtak i hovudutvalet som kor lenge det skal vera gågate i Myren på Sundre

Vedtaket sist gjekk på ordninga skulle vera som før mens ein mindretal på 2 ville følge søknaden og berre ha gågate i juli. Rådmannen gir no politikarane to forslag til vedtak, og saka blir behandla i eit ekstramøte i SNTR 10. mai kl 0830. Her er rådmannens to alternativ:

Rådmannen si innstilling:
A. Sektorutval for teknisk, næring og ressurs (STNR) tek ikkje klagen frå Ål handelsforening til følgje og opprettheld vedtak i sak 26/16 om Myren skal vere gågate i perioden 15. mai til 15. september også i 2016. Grunngjevinga er at det er overskot av P-plassar i sentrum og ønske om å legge mest vekt på omsynet til dei mjuke trafikkantane og brukarane av sentrum sine ønske om å behalde ordninga med gågate om sumaren.
Klagen vert oversendt kommunens klagenemnd (formannskapet) for endeleg avgjerd.

B. Sektorutval for teknisk, næring og ressurs (STNR) tek klagen frå Ål handelsforening til følgje og opphevar vedtak i sak 26/16. Perioden for gågate i Myren vert avgrensa til juli månad pluss ved særskilde arrangement sumaren 2016. Grunngjevinga for vedtaket er pågåande byggeaktivitet i Ålingen, at ordninga er mellombels og sterkt ønskt frå dei næringsdrivande i gata.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS