KVM: "Girl power" vart for sterkt!

Laget frå Geilo besto av 3 gutar, laget frå Nedre Ål av 3 jenter.................
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 06.01.2016 10:19

Frå v: Reserven, Ida Marie Breie, Sandra Evjen og Tuva Jorde. Foto: RIta Stavn
Laget frå Geilo besto av 3 gutar, laget frå Nedre Ål av 3 jenter.................

Det var to svært tente lag som stilte i studio tysdag kvelden. Det tetta seg for til mellom laga når det galdt poengsamling, men laget frå Geilo hadde overtaket med 2 poeng ved halvgått løp. Om dei la att lykka si ved studiobytte eller ei er ikkje godt å veta, men etter studiobytte tok laget frå Ål att forspranget ganske fort og så seig dei jamt i frå og vann til slutt med 10 poeng og er klare for semien seinare i vinter.

Under sending opplevde me at heile studio brått braut saman og ingen lyd kom ut. Det vart dermed brot i blant anna opptak av sendinga og reprisen som går onsdag kl. 115 blir derfor ganske mykje avkorta.

 

Laget frå Geilo: Frå v: Sander Øen, Max Knudsen, Olav Solhaug. Foto: Rita Stavn

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS