Formannskapet sitt forslag til budsjett for Gol.

No har formannskapet på Gol kome fram til korleis pengane skal brukast i 2016
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 24.11.2015 18:42

No har formannskapet på Gol kome fram til korleis pengane skal brukast i 2016

Her er dei avvikande framlegga som anten vart forkasta eller vedtekne:

Roger Toppen (H) gjorde framlegg om at prislister til kommunens kantine også blir del av gebyr-regulativet som skal behandlast kvart år i samband med budsjett. Framlegget fekk einstemmig støtte frå formannskapets medlemer.
Investeringstiltak:
Inv. 5 Bibliotek : Roger Toppen (H) gjorde framlegg om å ta punktet ut frå økonomiplanen.
Framlegget fekk 3 røyster (H og SP). UKL si innstilling vart ståande.
Inv.18 Skuleveg Gangveg/kulvert FV51: Hallvor Lilleslett (V) gjorde framlegg om ta punktet ut frå økonomiplanen. Framlegget fekk 2 røyster (Hallvor Lilleslett V og Svein Eide AP).
Negative driftstiltak eksterne (endringstiltak):
Reduksjon av godtgjersle til folkevalde:
Roger Toppen (felles liste H og SP) gjorde framlegg om å ta ut pkt om reduksjon og revidere reglementet for godtgjersle. Framlegget fekk 2 røyster (H).
Hallvor Lilleslett (V) gjorde framlegg om å ta bort punktet om reduksjon. Framlegget fekk 1 røyst (V).
Integreringstilskot flyktningar 24 i året:
Roger Toppen (H) gjorde framlegg om redusere punktet til: Integreringstilskot flyktningar 10 i året inkl. familiegjenforening. Framlegget fekk 2 røyster (H) og UKL si innstilling vart ståande.
Positive driftstiltak interne (endringstiltak):
Post 2 - Innstillinga frå UKL var sett opp mot formannskapet sitt framlegg. Formannskapet
sitt framlegg vart vedteke med 5 mot 2 (H) røyster.
Post 4 - Roger Toppen (H) gjorde framlegg om å ta ut posten. Framlegget fekk 2 (H) røyster.
Svein gjorde framlegg om å redusere posten til 500,- frå 2017. Framlegget vart
vedteke med 5 mot 2 (H) røyster.
Ingen røysta for UKL sitt framlegg.
Post 10 - Roger Toppen (H) gjorde framlegg om å ta ut posten. Framlegget vart sett opp UKL
sitt framlegg. UKL sitt framlegg vart vedteke mot 2 (H) røyster.
5
Post 12 - Heidi Granli (AP) gjorde framlegg om å ta inn att posten og gå for rådmannen sitt
framlegg. Roger Toppen (H) fremja framlegg om å oppretthalde framlegget om at
posten takast ut.
Rådmannen sitt framlegg vart sett opp mot Toppen sitt framlegg. Rådmannen sitt framlegg vart vedteke
med 5 mot 2 (H) røyster.
Post 23 og 24 – Anne Gerd Jorde (KRF) og Svein Eide (AP) gjorde framlegg om 150.000 til
post 23 i 2015 og 100.000 til post 24 i 2017. Roger Toppen (H) gjorde
framlegg om å ta ut postene. Framlegget til Anne Gerd Jorde og Svein Eide
vart vedteke mot 2 røyster (H).
Anne Gerd Jorde (KRF) ba formannskapet ta stilling til sin habilitet under behandling av post 25 då ho er tilsett som kyrkjeverge i Gol kyrkjeleg fellesråd. Anne Gerd trådte ifrå medan formannskapet tok stilling til habilitetsspørsmålet. Formannskapet vedtok samrøystes at Anne Gerd var inhabil til å delta i behandlinga av post 25.
Post 25 – Omforeint framlegg: 50.000 til auke 10% kykjeverge og 42.000 leasing
kyrkjegardskøyretøy heile perioden. 90.000 til ledelys 2016.
Det vart fyrst votert over UKL sitt framlegg. Dette fekk ingen røyster.
Det vart deretter votert over Formannskapet sitt omforeinte framlegg.
Dette vart vedteke med med 4 mot 2 (H) røyster.
Votering
Det vart votert over budsjettframleget punkt for punkt.
1.A Vedteke med 5 mot 2 (H)røyster.
2. Vedteke med 5 mot 2 (H)røyster.
3.A Samrøystes vedteke.
B i Samrøystes vedteke.
ii Vedteke med 5 mot 2 (H)røyster.
iii Samrøystes vedteke.
iv Samrøystes vedteke.
v Samrøystes vedteke.
vi Samrøystes vedteke.
vii Samrøystes vedteke.
C Vedteke med 5 mot 2 (H)røyster.
D Vedteke med 5 mot 2 (H)røyster.
E Samrøystes vedteke.
F Vedteke med 5 mot 2 (H)røyster.
G Samrøystes vedteke.
H Vedteke med 5 mot 2 (H)røyster.
I Vedteke med 5 mot 2 (H)røyster.
4. Samrøystes vedteke.
5. Vedteke med 5 mot 2 (H)røyster.
Til sist vart det votert over framlegget til budsjett som heilhet. Vedteke med 5 mot 2 (H) røyster.
 

 

Vedtak
1. Handlingsprogram 2016 – 2019
A. Handlingsprogram for 2016 – 2019 vert vedteke med dei mål og premissar som går fram av handlingsprogramdokumentet
2. Økonomiplan 2016 – 2019 vert vedteke som retningsgjevande for perioden 2016 – 2019
3. Årsbudsjett 2016 vert vedteke med følgjande hovudpunkt:
A. Skatt på inntekt og formue blir likna ut i samsvar med dei maksimalsatsar Stortinget vedtek.
B. For eigedomsskatteåret 2016 skal det skrivast ut eigedomsskatt i heile kommunen, jf. Eigedomsskattelova (esktl.) § 3 første ledd bokstav a
i. For næringseigedomar, verk og bruk blir skattesatsen fastsett til 7 0/00 av takst for eigedomsskatt, med heimel i esktl. §§ 10 – 12
ii. Med heimel i esktl.§ 12 a) blir eigedomsskatten fastsett til 3,5 0/00 av takst for eigedomskatt for bustaddelen i eigedomar med sjølvstendige bustaddelar. Med dette meinast bustader for fast busetting og på bustader for fast busetting, fritidsbustader, samt bustadhus på landbrukseigedomar.
iii. Takstvedtekter for eigedomsskatt i Gol kommune vedteke i kommunestyret 7.9.2010 – sak 48/2010 – skal gjelde for eigedomsskatteåret 2015, jf. esktl. § 10
iv. Utskriving av eigedomsskatt for skatteåret 2016 er basert på takster fastsett ved siste alminnelege taksering gjennomførd i år 2010.
v. Klage over takstvedtaket og klage over utskrivingsvedtaket vert etter esktl. § 20 avgjort av ei sakkunnig nemnd.
vi. Med heimel i esktl. §7 fritek kommunestyret eigedomar for eigedomsskatt som i vedtak K.sak 60/10 (fritak som i 2011 - 2014)
vii. Eigedomsskatten blir skrive ut i 2 terminer, jfr. esktl. § 25 første lekk. Terminforfall er sett til 1. april og 15. september
7
C. Driftsbudsjettet blir vedteke i samsvar med «Hovudoversikt drift – 1A og 1B»
Brutto frie disponible inntekter kr. 298.830.000
Netto utgifter til renter og avdrag kr. 20.978.000
Netto avsetningar kr. 1.972.000
Til fordeling på driftssektorane kr. 274.830.000
D. Investeringsbudsjettet blir vedteke i samsvar med «Hovudoversikt investering – 2A og 2B»
E. Overskriding av budsjettrammene må ikkje finne stad utan at det er innhenta samtykke i samsvar med delegasjonsreglementet sine fullmakter frå budsjettansvarleg organ. Formannskapet og utvala (UNN og UKL) får fullmakt til og gjera vedtak om omdisponering innafor eigne budsjettrammer. Beløpa skal ikkje nyttast på ein slik måte at driftsutgiftene for seinare år aukar.
F. Kommunestyret godkjenner ei låneramme for 2016 på kr. 121.350.000 kroner for å finansiere nye, netto løyvingar til investeringar
G. Rådmannen gis fullmakt til å godkjenne lånevilkår innafor nemnde låneramme
H. Godtgjersle til folkevalde for 2016 blir fastsett i samsvar med reglementet for godtgjersle til folkevalde vedteke 16.06.09.
I. Tilskot til politiske parti og grupper i kommunestyret i 2016 blir fordelt med kr 500 i grunntilskot og kr 1.900 pr. representant.
4. Gebyrreglement, avgifter og satsar for betaling av tenester i samsvar med vedlegg 16.1 i Handlingsprogram og Økonomiplan for 2016 – 2019 gjerast gjeldande frå 1.1.2016 dersom ikkje anna er fastsett i regulativet
5. Heimelsregisteret blir endra med verknad frå 1.1.2016 Økonomiavdelinga – reduksjon 0,5 stillingsheimel Helsehjelp i heimen – reduksjon 2,9 stillingsheimlar Kjøken – auke 0,08 auke i stillingheimel

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS