2 skuler frå Hallingdal til finalen.

Semifinalane i Innovation camp for Buskerud vart arrangert på Hønefoss onsdag og Hallingdal fekk 2 prosjekt vidare.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 18.11.2015 17:26

Semifinalane i Innovation camp for Buskerud vart arrangert på Hønefoss onsdag og Hallingdal fekk 2 prosjekt vidare.

Det var laga frå Hol ungdomsskole og Hemsedal ungdomsskole som kom seg vidare. Laget frå Hol ungdomsskole hadde arbeidd fram prosjektet Hallingøksa. Det skal bli ei øks med mange moglegheiter, den skal vera lett og ikkje ta mykje plass. MEn når du skal bruke den, så skal den bli tyngre for å få bedre slagkraft og det er plass til diverse utstyr inne i skaftet, som t.d. flint og lommekniv. Per Egil Brenno og Lars Lysåker står bak denne.

Laget frå HEmsedal barne- og ungdomsskole lanserte produktet Never Lost. Eit mobildeksel som henge i ein strikk, som si fast i bukse/jakke. (for å unngå å miste mobil når ein er i aktivitet), Målgruppe er skikøyrarar.Ådne Viljugrein, Tobias Wilhelmsen og Tollef Ødegård står bak produktidèen som er med i finalen.  Den går i Drammen 4. februar og 18 lag deltek der.

 

 

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS