Arbeidshelg på Bergensbanen

Arbeidshelg og innstilte tog førstkommende helg.
Aktuelt
Rita Stavn
Publisert : 21.09.2015 18:43

Arbeidshelg og innstilte tog førstkommende helg.

På Bergensbanen er togene f.o.m. nattoga fredag 25. sept, og alle toga lørdag 26. sept innstilt.

Fra pressemeldinga:

Jernbaneverket utfører planlagde forbetringsarbeid på Bergensbanen og Flåmsbana frå fredag 25.9. kl. 22.55 til søndag 27.9. kl. 7.55. Strekningane vil bli stengde for togtrafikk.

NSB køyrer buss i staden for lokaltog på strekninga Bergen  - Arna -  Voss - Ørneberget.

Merk: Ikkje busstransport til Vieren, Upsete og Myrdal, då stasjonane er utilgjengelege med bil/buss.

Bussen brukar normalt lengre tid enn toget, men vi ber likevel passasjerar møta opp til togtidene som det framgår av rutetabellen.

Det blir ikkje alternativ transport for regiontog Oslo S-Bergen-Oslo S. Ettermiddagstoga fredag er siste fjerntogstilbod, nattoga fredag kveld er m.a.o. innstilte. Det same gjeld alle tog laurdag 26.9. Frå og med søndag kl. 7.55 er det normal fjerntogtrafikk att.

Detaljert informasjon finn ein på NSBs nettsider, https://www.nsb.no/rutetider/arbeid-pa-jernbanen/avviksmeldinger/bergen-voss-myrdal-alternativ-reise og hjå NSBs kundesenter på telefon 815 00 888.

Arbeid som skal utførast i helga:

 

*Vestsida:

Montering av tunnelboremaskin på Arna. Arbeid med sporvekselvarme på Arna og Bergen stasjon. Fornying av kontaktleidningsanlegg mellom Takvam og Trengereid, utskifting  av anlegg frå elektrifiseringa av Vossebanen i 1954. Rassikring ved Dalegarden. Vassikring av tunnelar mellom Evanger og Dale, og ferdiggjering av nødlys i Hernestunnelen. Flaumsikring langs Vosso mellom Bulken og Bolstadøyri. På Voss føregår det plattformarbeid og innlegging av ny undergang for Ringheimsvegen (dette siste er vegvesenet sitt prosjekt). Mellom Myrdal og Reimegrend skal det kontrollerast elektroanlegg. Det skal ryddast skog ved Seiersbjerget (Bergen st.) og utførast vegetasjonskontroll Reimegrend-Voss. Mellom Hallingskeid og Myrdal blir det jobba med fornying av snøoverbygg pluss is- og vassikring. Ved Leite på Flåmsbana skal også eit snøoverbygg fornyast.

 

*Austsida:

Fjerning av snøoverbygg og bortsprenging av ein kort tunnel ved Nyset (mellom Haugastøl og Finse).

I Hallingdal skal det utførast sporvedlikehald, m.a. byte av ein sporveksel på Bergheim, og på Austvoll skal vasstårnet renoverast.

 

Sjølv om strekningane er stengde for ordinær togtrafikk, vil det gå arbeidstog i heile helga. Ein må derfor forhalda seg som normalt ved ferdsel langs sporet:

Tog kan ventast til ei kvar tid.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS