Arbeidshelg på Bergensbanen

Mykje arbeid skal gjerast og dermed må banen stengast på fleirer strekningar.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 27.08.2015 14:17

Jernbaneverket utfører ei rekkje planlagde forbetringsarbeid på Bergensbanen frå måndag 31.8. til søndag 27.9. Mange tog blir erstatta med buss, nokre blir innstilte utan at det blir alternativ busstransport.

I perioden 31.8. – 18.9. føregår arbeida på strekninga Voss-Arna, og toga blir erstatta med buss måndag-fredag i tidsrommet 8.30-14.30. I tida 21.9.-25.9. er i tillegg strekninga Arna-Bergen berørt (måndag-fredag).
Helga 25.9.-27.9. føregår det i tillegg arbeid aust for Voss, og heile strekninga blir stengt for togtrafikk. Det medfører at også fjerntogtrafikken blir berørt, og enkelte tog blir ikkje erstatta med buss.

På NSBs nettsider finn ein informasjon om alternativ transport:

https://www.nsb.no/rutetider/arbeid-pa-jernbanen/avviksmeldinger/bergen-arna-voss-buss-for-tog

https://www.nsb.no/rutetider/arbeid-pa-jernbanen/avviksmeldinger/bergen-voss-myrdal-alternativ-reise

Dei reisande kan også få opplysningar hjå NSBs kundesenteret på telefon 815 00 888.

 

Arbeid som skal utførast i perioden 31.8.-25.9:

-Gjennomgåande kontroll avspor- og elektroanlegg
-Nytt vegsikringsanlegg på planovergang Jørnevik og Saghaug
-Renovering av sporveksel Stanghelle
-Fornying av kontaktleidningsanlegg Trengereid-Takvam
-Dreneringsanlegg Vossebanen
-Skogrydding Dale-Trengereid
-Prosjekt «Tørre tunnelar» Trengereid-Arna
-Rassikring ved Dale
-Nødlys Hernestunnelen
-Flaumsikring langs Vosso
-Arbeid i samband med ny tunnel gjennom Ulriken

Arbeid helga 25.9.27.9:
-Fjerning av snøoverbygg og tunnel ved Nyset (vest for Haugastøl)
-Dreneringsanlegg Sangelia (mellom Ål og Hol)
-Innlegging av ny sporveksel på Berheim stasjon
-Renovering av vasstårn Austvoll
-Skjenebyte Sokna-Trolldalen
-Rassikring mellom Hønefoss og Veme
-Renovering av sporveksle Hønefoss stasjon
-Rassikring Skotselv-Åmot
-Renovering av sporveksel Vikersund stasjon
-Ny kulvert ved Hoen (Randsfjordbanen)
-Montering av tunnelboremaskin og tårnkran i Arna
-Arbeid med sporvekselvarme Bergen og Arna stasjon
-Prosjekt «tørre tunnelar» Evanger-Dale
-Nødlys og flaumsikring Evanger-Bolstadøyri
-Ny undergang Ringheimsvegen Voss (vegvesenet)
-Plattformarbeid Voss stasjon
-Vegetasjonskontroll Reimegrend-Voss
-Kontroll elektroanlegg Myrdal-Reimegernd
-Fornying av snøoverbygg, is- og vassikring og montering an nødlys i Reinunga tunnel.
-Fornying av snøoverbygg ved Leite (Flåmsbana)
-Fornying av kontaktleidningsanlegg Trengereid-Takvam
-Skogrydding Stanghelle-Arna

 

Sjølv om strekninga er stengd for ordinær togtrafikk, vil det gå arbeidstog i heile perioden. Ein må derfor forhalda seg som normalt ved ferdsel langs sporet:
Tog kan ventast til ei kvar tid.

 

Mykje arbeid skal gjerast og dermed må banen stengast på fleirer strekningar.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS