Klart for årets Holsdag.

Laurdag 1. august er det atter eingong klart for Holsdagen - dagen utan diverse kommersielle salgsboder, men med tilbod om å oppleva kultur.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 28.07.2015 02:36

Laurdag 1. august er det atter eingong klart for Holsdagen - dagen utan diverse kommersielle salgsboder, men med tilbod om å oppleva kultur.

Holsdagen 2015 – lokal marknad, bryllup, Grove Horn og meire til. Laurdag 1. august er det klart for Holsdagen att – arrangementet som har gått nesten utan avbrot sidan 1957. Hovudformålet med Holsdagen er å vise folk korleis eit bryllup eller gjestebø kunne gå for seg i eldre tider samt å fortelja om og vise glimt frå folkelivet på den tida. Årets brurepar er Anne Sigbjørnsdotter Tvedt og Sigmund Lindestad. Det heile startar i Hol gamle kyrkje høgst dag, deretter brureferda langs vakre Holsfjorden og så gjestebø i museumsgarden på Hol bygdemuseum. Nytt i fjor var eit samarbeid med Hol museumslag som fekk til ein marknad med tilbod om kjøp av lokalt produserte varer så som lokal mat, kunst, handverk og bøker. Det blir også i år besøk av deler av gruppa Grove Horn som vil underhalde med viser frå ei tid som også tek til høyre til ”eldre tider” – bygginga av Bergensbanen. Gruppa har gjort furore med å dra fram att gamle viser og knyte dei til gode historier. Inniblant tradisjonelle innslag blir det også musikalsk sekvens med Birger Liahagen og Lars Fivelstad der huldra er temaet. Holsdagen blir tradisjoen tru avslutta med open fest på Bardøla hotell der det blir nok av både mat og dansemusikk!







Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS