Pål Rørby overtek HallingExpo

1. august tek Rørby til il jobben
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 03.07.2015 16:44

1. august tek Rørby til il jobben

Pål Rørby har takka ja til stillinga som dagleg leiar i næringsforeininga, HallingExpo.
Pål Rørby er for dei fleste kjent som «mannen bakom Rampus». Han er 44 år gammel og er busett i Hemsdal. Han har bakgrunn som til dømes filmskapar og har arbeidd mykje innan 3D animasjon og modellering. Han har gjennom sitt tidligare arbeid god kjennskap til kultur, reiseliv og anna næring i dalen.
Rørby er også lokalpolitikar med fast plass i kommunestyret i Hemsedal.

HallingExpo var tidligare ei rein industriforeining, men har dei siste åra retta seg mot alle som driv næring i Hallingdal. Både private og offentlege. Målet er å leggje til rette for generell næringsutvikling i Hallingdal.

-Vi har vore gjennom i ei fase der vårt fokus har vore auka synlegheit gjennom fleire ulike arrangement. Det har vi lukkast godt med, men no må vi over i ei fase der medlemsrekruttering og auka engasjement får ein høgare prioritet. Dette seier styreleiar Lars Riise.
Dette er noko av det arbeidet som Rørby skal ta hand om.
-Vi skal framover arbeide tett med kommuner, regionrådet og fylkeskommuner. Dette for å skape sterke og robuste næringsvilkår i vår region.
-Vi trur Rørby er den rette personen til å gjennomføre dette. Han er dessutan god på arrangement og er ein entusiastisk og god formidlar.
-Han kjenner godt til ulik stønadsordningar som våre medlemsbedrifter må bli betre kjend med. Det er viktig at HallingExpo sit med kunnskap som kan dekkje behov som ikkje medlemsbedriftene rekk over sjølve.
Styret i HallingExpo har tru på at med Rørby på laget kan ein påverke styresmakter til å gjere endringar i rammebetingelser som næringslivet i Hallingdal har behov av.
Pål Rørby startar opp i jobben 1. august og tek over stillinga etter Mona Østdahl Gulsvik.

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS