Vil ha alternativ til eigendomsskattfinansiering..

Sektorutvalet for helse- og sosialsaker strauk samrøystes rådmannens forslag om at det er ein føresetnad for utbygginga av Hallingdal sjukestugu at den blir innført. Dei vil ta meir frå drifta av kommunen.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 22.06.2015 16:09

Sektorutvalet for helse- og sosialsaker strauk samrøystes rådmannens forslag om at det er ein føresetnad for utbygginga av Hallingdal sjukestugu at den blir innført. Dei vil ta meir frå drifta av kommunen ved å få framlagt sparetiltak.

Vedtaket i sektorutvalet var samrøystes og det kan bety at det blir ei heit sak i kommunestyremøtet på torsdag då byggesaka om Hallingdal sjukestugu skal opp til endeleg behandling i kommunens øverste organ. Rådmannen blir no bedt om å legge fram korleis det kan sparast dei pengane som trengs for å vera sikker på at kommunen klarer å finansiere utbygginga alle vil ha.

Kommunestsyret blir som vanleg overført på Radio Hallingdal frå kl 17 torsdag.

Vedtaket i sektorutvalet er slik:

Innstilling frå Sektorutval for helse og sosial
Ål kommunestyre vedtek følgjande kostnadsramme og omfang for helsetunutbygginga:
1. Kostnadsramme for entreprisekostnad på inntil kr 240,6 millionar kr inkl mva som tilsvarar ei netto utgiftsramme for Ål kommune på inntil 168 millionar kr.
2. Finansiering av renter og avdrag: Rådmannen vert bede om å leggje fram eigne saker vedr. spare - og omstillingstiltaka i pkt. 13 i sak 77/14. Dette skal leggjast fram i samband med økonomiplanarbeidet for perioden 2016 - 2019..
3. Det er eit vilkår at intermediæravdelinga (IMA) skal vera innflyttingsklar 1. september 2016 og resten av prosjektet 31. desember 2016.
4. Omfanget av utbygginga skal tilsvare alternativ B i saksutgreiinga, dvs:
a. Utbygging av intermediæravdeling (IMA) med 20 sengeplassar, dialyse og blodbank i nytt HS-bygg
b. 16 kommunale omsorgsbustader i ny sørfløy
c. Legevakt og legekontor i fullrenovert sjukestugubygg som inngår som ein del av nytt HS-bygg
d. 21 korttidsplassar i andre høgda i ny sørfløy (16 nye, 5 ombygde)
e. Uteareal med ein ny sansehage, 60 p-plassar og rundkøyring for helseekspressen
f. Ny trafo og nødstraumforsyning
g. Inventar og utstyr til alle rom som blir bygd
h. Ein heis i nytt HS-bygg og HS-bygget tilrettelagt med sjakt for å kunne sette inn ein ekstra heis seinare.
i. Nytt HS-bygg tilrettelagt for å kunne bygge på ein 4. etasje over IMA utan at bygget må fråflyttast i byggeperioden
j. Ombygging av kjøkenet ved kantina for å stette krav frå Mattilsynet.
k. Matvarelager, kjøl og frys nær kjøken
l. Reinhaldssentralar og utvendig nedgrevne søppelkonteinar (Molok)
m. Resepsjon med møterom og kontorer i 1. og 2. plan i nytt HS-bygg
n. Vatn og avlaup er ført fram til omsorsbustadene for å kunne bygge kjøken til dei i framtida

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS