Jubel og glede på Geilo.

Geilo har mange daglegvarebutikkar, men til tross for dette har lengselen etter å sjå Geilo Handelslag attende på gamle tomter i ny butikk vore sterk - i dag var ventetida over.............
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 19.06.2015 14:41

Geilo har mange daglegvarebutikkar, men til tross for dette har lengselen etter å sjå Geilo Handelslag attende på gamle tomter i ny butikk vore sterk - i dag var ventetida over.............

Butikklokala kokte av smilande kundar og smilande betjening og alle gratulerer kvarandre med dagen. Ordførar Tony Kjøl fekk æra av å klippe snora og ein rørt dagleg leiar, Nina Fagertveit takka ein trufast og hardarbeidade og ikkje minst tolmodig betjening som hadde stått last og brast med Geilo handelslag gjennom 7 år på framande tomter.

Styreleiar Knut Arne Lia seier til RH at det er takka vera at Hallingdal hytteservice kom inn på banen som gjorde at prosjektet endeleg kunne bli noko anna enn lause planar. Representanten for Norgesgruppen understrekar også at utan dei så hadde Norgesgruppen ikkje klart å få dette til. Dei måtte ha ein partnar som kunne bygge heile bygget og det kunne Hallingdal hytteservice - dermed kunne Norgesgruppen opne ein for dei svært viktig Spar butikk på Geilo i dag.

Meir i Fredagsmagasinet.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS