Store endringar ved Ålingen

Dei nye eigarane av Ålingen kjøpesenter la på møte med næringsdrivande i Ål fredag morgon fram planane sine for kjøpesenteret.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 24.04.2015 11:08

Dei nye eigarane av Ålingen kjøpesenter la på møte med næringsdrivande i Ål fredag morgon fram planane sine for kjøpesenteret.

Du kan høyre meir om det i fredagsmagasinet 24.april, men kort fortalt så blir det større fasadendringar som opnar bygget meir mot riksvegen, det blir ny inngang frå nedsida der ogå daglegvarebutikken etterkvart blir etablert og flytta frå noverande plassering. Kva forretning som kjem er førebels ukjent som ein konsekvens av Coop salg og kjøp. Innvendig i Ållingen blir det også mange endringar med meir servering og inntil 50 % fleire butikkar. Det heile er planlagt vera klart seinhaustes 2015

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS