Aust - Vest vegane:Ja til 134 og tja til 7 og 52.

Fylkesutvalet i Buskerud skal no uttale seg om dei foreslåtte prioriterte vegane mellom aust og vest. Vegane gjennom Hallingdal blir ikkje prioritert i administrasjonen sitt forslag
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 17.03.2015 16:06

Fylkesutvalet i Buskerud skal no uttale seg om dei foreslåtte prioriterte vegane mellom aust og vest. Vegane gjennom Hallingdal blir ikkje prioritert i administrasjonen sitt forslag

Forslaget slår fast at Buskerud skal gå får E 134 som trase for aust- vest forbindelsen. Dernest vil dei ha høg prioritet på utbedring av Rv 7 til Gol og E 16 til Hønefoss. Vidare peiker admin  på at dei vil ha god vinterregularitet på Rv 7 over vidda og gjennomføre den planlagte KVU i forhold til villrein. Når det gjeld 52 seier forslaget at vegen er viktig for reiselivet i Hemsedasl og Hallingdal og at ei utbetring av vegen gir raskt sambandd til Vestlandet, serleg Sogn og Fjordane.
Det blir også tilrådd å seia nei til å prioritere E 16 og at det er viktig å få meir gods over på bane.

Dette betyr vel utlagt at politikarane blir invitert til å seia ja til E 134 og ikkje prioritere ein veg til slik Statens vegvesen har gjort. Dei andre vegane skal berre opprustast. Så står det att å sjå kva politikarane gjer på møtet 26. mars.

Les meir her:

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS