Ål vurderer fleire sparetiltak for dei næraste åra.

Ål formannskap har vorte samde om eit budsjettframlegg til kommunestyret og det legg også føringar for mange framtidige moglege sparetiltak og endringar i struktur og organisering.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 25.11.2014 15:49

Ål formannskap har vorte samde om eit budsjettframlegg til kommunestyret og det legg også føringar for mange framtidige moglege sparetiltak og endringar i struktur og organisering.

Formannskapet si innstilling: Ål kommunestyre vedtek formannskapet sitt framlegg til Økonomiplan 2015 – 2018 og årsbudsjett 2015. I tillegg til taldelen vedtek kommunestyret følgjande: 1. Med heimel i Eigedomsskattelova (esktl.) § 3 første ledd bokstav c, vedtek kommunestyret å skrive ut eigedomsskatt i eigedomsskatteåret 2015 for verk og bruk etter ein sats på 7 ‰. 2. Formannskapet får delegert fullmakt til å disponere frå teneste 1805, til formannskapet sin disposisjon, for løyvingar inntil 100.000 kroner. 3. Rådmannen får i samsvar med økonomireglementet, og i samråd med formannskapet, mynde til å disponere inntil 300 000 kroner som eit disposisjonsbeløp, finansiert frå disposisjonsfond og budsjettert under 14900-1010-1201, reserverte midlar. 4. Rådmannen får fullmakt til å fordele / disponere felles utstyrspott innanfor ei ramme på 900 000 kroner. Midlane skal takast frå utbyggingsfond og kan nyttast til både drift- og investeringsformål. 5. Kommunen sine betalingsordningar, eigenbetaling, avgifter og gebyr, blir handsama i eigne saker der dette er naudsynt utover dei retningsliner som ligg i budsjettdokumentet. 6. Kommunestyret godkjenner følgjande låneopptak: Frå Husbanken til vidareutlån (Startlånordninga), med inntil 8 millionar kroner i 2015. Dette lånet har 22- års avdragstid. Rehabilitering av vatn og avlaup med 3 millionar kroner i 2015 ( sjøvkost). Vassforsyning Kleivi med 1,5 millionar kroner i 2015 Reenovasjonsknutepunkt med 300 000 kroner i 2015 Som hovudregel nyttar kommunen 25 års avdragstid på sine lån. 7 . Busetjing av flyktningar i planperioden kan skje innafor ei ramme på inntil 10 flyktningar pr. år (inkl. familiesameining). 8. Budsjettet gjev denne finansieringa av årets investeringsbeløp jf.skjema 2B. 9. Kommunestyret vurderer kommunen sin likviditet som tilfredsstillande for å dekkje løpande behov og utbetalingar. 10. Rådmannen skal gjennom heile 2015 fylgja opp gjennomføring av innsparingstiltaka og vurdera ytterlegare reduksjonar i driftsbudsjettet der det er mogleg. 11. Satsar som grunnlag for berekning av kommunalt tilskot til ikkje-kommunale barnehagar I 2015 i Ål kommune : Driftstilskot pr. plass Kapitaltilskot pr. plass Barn 0-2 år 152 500 12 000 Barn 3-6 år 116 300 12 000 Frå 01.01.15 skal ikkje-kommunale barnehagar ha 98 % av tilskotssatsane. Kunnskapsdepartementet fastset dei nasjonale satsane. Ved ev. endring skal til ei kvar tid gjeldande nasjonal sats nyttast. 12. For kommunale investeringar skal det ikkje takast opp nye lån. Unnateke herifrå er: Investeringar som får dekka inn rente- og avdragskostnader ved leigeinntekter. Helsetunutbygginga ( prosjekt 192) Dansesal i kulturhuset ( prosjekt199) Investeringar innanfor sjølvkostområda, til dømes for vatn og kloakk. Årleg investeringsnivå i kommunen skal normalt ikkje overstige forventa og disponibelt årleg overskot frå Ål kraftverk. 13. Fygjande spare -og omstillingstiltak skal utgreiast vidare i planperioden 2015-2018 1.) Skule -og barnehagestruktur. 2.) Eigedomsskatt. 3.) Felleskjøkken (rasjonalisere drifta). 4.) Rasjonalisering av bassengdrift. 5.) Slå saman økonomi, rekneskap -og lønsfunksjon med andre kommunar. 6.) Generelle rasjonaliseringstiltak på tvers av kommunegrensene. 7.) Struktur og organisering av oppgåvene i drift og utviklingsavdelinga: a) Utviklingsavdelinga b) byggforvaltning c) veg og park d) VAR 8.) Struktur og organisering av oppgåvene i kulturavdelinga







Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS