Foreslår ein skule i øystre Hol.

Det såkalla Rukkeutvalet la fram sin fyrste rapport til formannskapet i dag.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 12.11.2014 22:45

Det såkalla Rukkeutvalet la fram sin fyrste rapport til formannskapet i dag.

Rapporten konkluderer med at det er rett å samle Hovet og Holet skole til ei skole utan at spørsmålet om lokalisering no er teke opp. Innsparingane ved å gjera dette vil vera om lag 6 millionar kroner. Barnehagestrukturen vil dei ha uendra. Utvalet ber også om at det no blir gjort ein grundig prosess framover for å koma fram til eit felles godt resultat for Hovet og Hol og reknar med at det kjem ei eiga sak på det heile i februar 2015.
For Dagali og Skurdalen vil det koma forslag etter at det er halde eit par møter til tidleg i desember. Formannskapet har drøfta saka i dag og Høgre fremjar forslag om å endre også barnehagestrukturen, men forslaget er enno ikkje stemt over, det skjer torsdag.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS