Kva for oppgåver skal me løyse saman?

Den ekstraordinære generalforsamlinga i Visit Hallingdal som vart gjennomført i dag har gitt både Regionråd og seg sjøl oppgåver å løyse for å koma vidare.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 29.10.2014 13:25

Den ekstraordinære generalforsamlinga i Visit Hallingdal som vart gjennomført i dag har gitt både Regionråd og seg sjøl oppgåver å løyse for å koma vidare.

Møtet var samd om at det er mange oppgåver som må samarbeidast om i Hallingdal når det gjeld å koma i spissen i framtidas reiseliv. Kva rolle skal dei lokale destinasjonsselskapa, regionrådet, Visit Hallingdal spela framover for å få det maksimale ut av pengane som blir lagt inn og å få flest mogleg til å besøke Hallingdal. No blir problematikken gjenstand for drøftingar i Regionrådet og Hallingtinget framover for å prøve finne ut kven gjer kva på beste måten. Kva med ein regional reiselivskoordinator? Spørsmåla var mange og viljen til å få til former for samarbeid som gagna dalen var tydleg til stades etter det RH erfarer. Løysingane kjem så etterkvart....

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS