Rår frå å bruke Fv. 50 som omkøyringsveg.

Region sør, aust og vest har svalla saman etter sprengingsulykka på Geilo med tanke på dirigering av trafikken dersom ein liknande situasjon oppstår.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 07.10.2014 16:00

Region sør, aust og vest har svalla saman etter sprengingsulykka på Geilo med tanke på dirigering av trafikken dersom ein liknande situasjon oppstår.

I følge notatet om lag 200 køyretøy i tungklassen som må endre køyremønster viss Rv 7 blir stengd på liknande måte som ved Trøo. Viss jernbane blir stengt samtidig, vil det også utløyse 200 fullasta trailarar kvart døgn med last som må på veg i staden for bane.
Regionsjefane meiner at både E16 og E 134 har kapasitet og er i ein slik tilstand at dei kan avvikle denne ekstra trafikken. Dei vedgår at mange vil velja kombinasjonen av 7/52/E16 som då er raskare enn å køyre E 16 gjennom Valdres, men dei vil då få meir stigning. Derfor tilrår dei at det blir vurdert skilting som får tungtrafikken til å velja E 16 gjennom Valdres som omkøyringsveg då det er det beste alternativet i følge regionsjefane. Regionane rår frå at tungtrafikken blir leda via Fv 50 Hol - Aurland og at VTS sør i framtida blir bedt om i framtida å få ut med meir detaljert informasjon om at Fv 50 IKKJE er omkøyringsrute for tungbilar.

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS