Utbygginga av Hallingdal sjukestugu inn på nytt spor.

Etter at det vart bråstopp på utbyggingsplanane for Ål sjukestugu på grunn av høge anbod, er det heile no kome inn på eit nytt spor.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 18.09.2014 15:12

Etter at det vart bråstopp på utbyggingsplanane for Ål sjukestugu på grunn av høge anbod, er det heile no kome inn på eit nytt spor.

Rådmannen skriv i ei pressemelding følgjande:

Som eg tidlegare har informert om har Ål kommune no valt ein annan måte å kome i dialog med aktuelle firma for å gjennomføre prosjektet Ål helsetun.

Vi har hatt ute eit anbod der vi ber om firma som skal prekvalifisere seg til å ta del i den vidare prosessen. Frist for innsending var 15.09.2014. Vi har mottatt søknadar fra leverandørar som er vurderte til å vere godt kvalifiserte.

I neste fase skal desse firmaene konkurrere vidare om det endelege prosjektframlegget. Dette vil vera grunnlaget for val av endeleg entreprenør som vil skje før påske.

Vi skal utarbeide ei prioriteringsliste for utbygginga, slik at vi kan gå i gang innanfor akseptable økonomiske rammer. Det er viktig for meg å presisere at vi er i god samhandling med VVHF, Vestre Viken Helseforetak, om den vidare prosessen.

Så no er vi igjen på veg og eg ser fram til det vidare arbeidet med prosjektet!

Det viser at det nok var rett å avbryte den forrige konkurransen og starte opp denne nye prosessen.

Med venleg helsing

Tone Tveito Eidnes

Rådmann i Ål kommune

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS