Ber om lån frå eigarkommunane.

Selskapet Visit Hallingdal as er i økonomiske vanskar og ber no eigarkommunane om lån for å overleva.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 10.09.2014 16:11

Selskapet Visit Hallingdal as er i økonomiske vanskar og ber no eigarkommunane om lån for å overleva.

Frå før har selskapet varsla permittering av ein tilsett, men no har styret i eit brev til eigarkommunane varsla at det ganske så fort treng meir midlar for å kunne koma vidare i arbeidet. Dei ber derfor om eit kortsiktig lån på 100 000 kr frå kvar eigarkommune og dei reknar med å kunne betala attende i 2015. Selskapet har også uteståande om lag 400 000 kr som det no blir sett trykk på for å få inn. Det blir også foreteke diverse grep for å avgrense utgiftene så som billlegare kontorlokal, endring av revisor og rekneskapstenester m.m.

Saka kjem no i kommunestyret fortløpane utover i september

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS