Siger på Walk Over

Kven veit mest runden i Radio Hallingdal tysdag kveld vart amputert då laget frå Nes barneskole ikkje møtte fram.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 09.11.2005 16:29

Ål 2 vidare til kvartfinalen på walk over.
Kven veit mest runden i Radio Hallingdal tysdag kveld vart amputert då laget frå Nes barneskole ikkje møtte fram.

Då tida nærma seg sendetid klargjorde ein telefon til ein av leiarane ved Nes barneskole at intern kommunikasjon hadde svikta - ikkje noko lag var teke ut og ikkje noko kunne stablast på beina i løpet av den ekstra halve timen dei fekk til disposisjon.
Men sending vart det lell slik at dei frammøtte ålingane fekk kjenne kva det vil seia å vera direkte på sending slik at dei er førebudde på det til kvartfinalen slik alle andre deltakarane er. Takka vera at reserven var med, vart det 2 med på kvart lag og runden gjekk sin gang med Ål mot Ål!

Og plassen i kvarten er sikra for Ål........................

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS