Geilo handelslag satsar.

Styret for Geilo handelslag har bestemt for å satse for fullt og legg no fram planane for nytt stormagasin på Geilo.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 01.11.2005 11:37

Nye Geilo handelslag sett frå nedsida.
Styret for Geilo handelslag har bestemt for å satse for fullt og legg no fram planane for nytt stormagasin på Geilo.

Dersom alt går som styret vonar og trur på, så blir det byggestart vårren 2006. Det kjem blant anna an på framdrifta av reguleringsplanen for Geilo sentrum, seier styreleiar Knut ARne Lia til RH.

Bygningen, som er teikna av arkitekt Lorents Gedde Dahl, skal byggast i line med noverande bankbygg. Det noverande bygget blir rivi, og dette vil gi god plass på oversida av nybygget og dermed blir ein av dei store flaskehalsane på Geilo borte. I den øverste halvannan etasjen blir det fritidsleiligheter for salg, som er ein viktig del av finansieringa av nybygget. Geilo handelslags nye bygg skal i hovudsak innehalde same varekonseptet som i dag, og SPAR butikken blir meir enn dobla i areal - den vil no dekke 1200 m2. Det blir parkeringsareal i bygget og sannsynlegvis også under jorda.

Styreleiar Lia seier til RH at dette bygget vil kunne koma til å setja standarden for utviklinga av Geilo sentrum iåra framover.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS