Henrik nr 4 i allround NM junior.

I helga har dei beste skøytejuniorane vore samla i Vikingskipet for å kjempe om NM allround tittelen.
Sport
Knut Medhus
Publisert : 09.02.2014 22:06

I helga har dei beste skøytejuniorane vore samla i Vikingskipet for å kjempe om NM allround tittelen.

Henrik Fagerli Rukke, som enno har 2 år att som junior, vart nr 4 i samandraget etter denne serien.

500 meter nr 2 med 37,21, 3000 meter nr 4 med 4.05.26, 1500 meter nr 4 med 1.55,52 og på 5000 meter vart han nr 4 på tida 7.17,44. Like bak han kom tidlegare klubbkamerat Sander Søndrol, årets sprintmester. Det vart ein ras med nye personlege rekordar i mesterskapet, blant dei som ordna med nye persar på alle distansar var klubbkamerat Kristian Reinton. Han er no klar til Viking Race i Heerenveen mens Henrik ventar spent på om han kjem med til junior VM.

Du kan lesa alle resultata her:

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS