Hallingambassadørane klare.

Fyrste kullet med Hallingambassadørar er no klart
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 12.12.2013 14:40

Fyrste kullet med Hallinambassadørar er klart.

 

Hallingdal treng ungdom både som innbyggarar og som arbeidskraft. Men ungdommen kan og vera ambassadørar for eigen region.
I Hallingdal har me utruleg mange spennande talent innan både kultur og idrett. Mange av desse utmerkar seg positivt utanfor Hallingdal og dette har me nå valt å bruke i eit positivt samarbeid. Me ynskjer å utnemne nokre profilerte ungdommar, som har bevisstheit og motivasjon, som gode ambassadørar av Hallingdal.
Me vil bruke ungdom for å snakke til ungdom. Ein Hallingambassadør skal vera eit godt forbilde, kjenne stoltheit for Hallingdal og ynskje å skapa positiv merksemd om regionen. Ambassadøren får ei påskjønning og stadfesting om at Hallingdal støttar vedkomande og følgjer med i utviklinga hans/hennes.
Sjå under for oversikt over våre Hallingambassadørar som vil delta og bli presentert 27. desember.
HALLINGAMBASSADØRER 2013-2015
Daniel Paulsen, slagverk Gjermund Bråten, snowboard Henrik Fagerli Rukke, skøyter Ingebjør Sørbøen, folkemusikk Kjersti Dalseide, musikk og drama Malin Seline Strandberg, musikk Maria Tviberg, alpint Mats Bjerknes, motorsport Pål Golberg, langrenn Stian Kleivdal, snowboard Tiril Sjåstad Christiansen, twintip Vetle Sjåstad Christiansen, skiskytting Øystein Bråten, twintip

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS