Utvida bokmesse

Bokmessa i Ål kulturhus 23.11. ber preg av Aasenjubileum og nye sprell for dei yngre.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 06.11.2013 10:14

Bokmessa i Ål kulturhus 23.11. ber preg av Aasenjubileum og nye sprell for dei yngre.

Programmet for Bokmessa 2013 er klart. Laurdag 23. november vil Arne Horge og Bergljot K. Nordal lose publikum gjennom ein rikhaldig dag i Ål kulturhus. I år er arrangementet utvida med eit eige barneprogram med gratis inngang. Det blir dokketeater å sjå, høgtlesing og sprell med Ingunn Thon og forfattarbesøk av Linn T. Sunne.

 

Bokmessa 2013 byr elles på ei god blanding av bokaktuelle forfattarar av nasjonalt format og bokutgjevingar med ein lokal profil. I eit høve Språkåret 2013 har Bokmessa satsa spesielt på å invitere aktuelle forfattarar som skriv på nynorsk. Arrangementet er eit samarbeid mellom biblioteka i Hallingdal, Perstølen Libris og Ål kulturhus.

 

Desse står på programmet:

 

Agnes Ravatn har markert seg med si vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit, mellom anna som skribent i Dagbladet og Dag og Tid. Ravatn skal også vere Dei nynorske festspela sin festspeldiktar i 2014. «Fugletribunalet» er hennar andre roman, og med denne seglar ho opp som ein av landets fremste forfattarar, meiner Linda Klakken i Natt & Dag.

 

Ottar Grepstad presenterer «Historia om Ivar Aasen», som har fått strålande kritikkar i pressa. Grepstad har lukkast med å kombinere eit rikt engasjement, stor forteljarglede og skarpe analysar i denne biografien, meiner Sindre Hovdenakk i VG.

 

Sigrun Slapgard, utanriksjournalist i NRK og prislønt biograf, debuterte som romanforfattar i 2011. I hennar nye roman, «Englestien», legg ei kvinne ut på vandring i barndomstraktene saman med den dødssjuke bror sin. Boka har sterke sjølvbiografiske trekk.

 

Terje Tørrisplass er skogsarbeidaren frå Bromma som med diktsamlingane «Eg bygger ikkje byar» og «Glenne» har synt seg som ein framifrå lyrikar. På Bokmessa vil han lese frå den siste diktsamlinga si og samtale med Bergljot Nordal om skriveprosessen.

 

Ragnar Kvam jr. presenterer «Thor Heyerdahl. Mannen og mytene», tredje og siste bind i biografien om den legendariske nordmannen som vart berømt for sine spektakulære reiser og store arkeologiske funn, men som også vart hardt kritisert og utstøytt av vitskapsfolk.

 

LOKALT PROGRAM:

Hallingdal Historielag byr på smakebitar frå årboka «Dølaminne 2013». Thor Warberg fortel om kol- og tjørebrenning i Hallingdal, og Kristian Sandanbråten deler historia om hunden «Varg». Einar Hanserud les brevet «Til min kjære datter Olava», som Sjugurd Sjugurdson Åker skreiv for snart hundre år sidan.

 

Olav Sletto ga i 1939-42 ut fire bøker om guten Per, inspirert av forfattaren sin eigen oppvekst i Hol. Nyutgjevinga «Per Gjetar» inneheld tre historier frå «Per Stavlang» og er rikt illustrert av Anne Mari Gretteberg Gjerstad. Boka blir presentert og dramatisert av Eva Almhjell, Per Ove Nybråten, Erlend Opheim Berg og Tord Torsteinsrud.

 

Knut Medhus viser bilete og fortel frå si komande bok om dei to lordane Garvagh som på slutten av 1800-talet var faste gjester i fjella i Hol. Der fekk dei bygd ei mengd jakthytter, som i dag står som minner om denne forunderlege historia frå svunne tider.

 

BARNEPROGRAM:

Dårekisten Teater ved Kjell Matheussen spelar dokketeateret «Rødhette og ulven» med utradisjonelle teaterfigurar i eit naivistisk formspråk. Publikum blir invitert inn til ei ny og rik oppleving av det gamle, kjende eventyret. Stykket passar for barn frå to år og oppover.

 

Ingunn Thon, kjent for mange frå barne-TV, byr på barneprogram i biblioteket for dei yngste. Det blir høgtlesing og sprell for dei som er om lag 4 - 8 år.


Linn T. Sunne skriv bøker for barn og ungdom og er tildelt Brageprisen to gonger. Ho les frå «Monsterboka», ei samling skumle historier utgitt på det nynorske forlaget Skald. Passar for dei rundt 7 -10 år.

 


 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS