Fjellblues på Oset.

Helga 21. til 23. oktober skal det bli hese stemmer, strengemusikk og noko attåt på Oset.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 13.10.2005 15:39

Anita Eggen gler seg til å få Fjellbluesfestivalen i gang.
Helga 21. til 23. oktober skal det bli hese stemmer, strengemusikk og noko attåt på Oset.

Johnny Cash kjem at naturlege årsaker ikkje til Oset, men det blir hevda av kjennarar at Harald Thune er ei god erstatning når det gjeld akkurat denne karen. Thune syng Cash så det går kaldt nedover ryggen på Cashkjennarar,og han er ein av deltakarne på den aller fyrste Fjellbluesfestivalen som blir arrangert på Oset høgfjellshotell frå 21. oktober.
Hit kjem også Hems strengelag  - steelguitarar og andre strengeinstrument som gir den heilt gode kjensla!

Blues og country er hovudingrediensane i Fjellblueshelga, men det blir også lagt stor vekt på det sosiale gjennom god mat og drikke samt ein større jammesesjon i jammelavoen, som rommar om lag 200 personar. Her blir det jamming laurdag frå kl. 14.
Hallingane vil få oppleva nesningen Kickan Haraldset på festivalen der han spelar saman med Eirik Bergene.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS