Vil satse på biobasert fjernvarme framleis.

Rådmannen i Hol er ikkje samd med utvalet for plan og utvikling og ber kommunestyret halde fast på bioenergisatsinga på Geilo.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 13.02.2013 14:24

Rådmannen i Hol er ikkje samd med utvalet for plan og utvikling og ber kommunestyret halde fast på bioenergisatsinga på Geilo.

Utvalet for plan og utvikling gjorde før jul vedtak om å seia nei til den planlagte varmesentralen og ba samtidig om at varmeplanen for Geilo vart behandla på nytt med den bakgrunn av den ikkje var aktuell lenger.
RÅdmannen legg no saka fram for formannskap og seinare kommunestyre og ber om at HOl kommune arbeider vidare med å leggje tilrette for gjennomføring av varmeplan for Geilo av 2008 så langt som mogleg.

I sine vurderinga legg rådmannen blant anna vekt  på at Geilo bioenergi har eit vake auke til kva prosjekt som til eikvar tid er lønnsomt å bygge ut, anten som einskldtiltak for eit bygg eller som tiltak felles for fleire bygg. For GEilo er det etter rådmannens vurdering også viktig å tenke på Geilo sin framtidige status som Nasjonalparklandsby når slike tiltak skal vurderast. Ei avvising av å bruke biobasert energi der vil ikkje styrke Geilo sine sjansar om å kunne halde fram som Nasjonalparklandsby - den statusen skal vurderast i 2013.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS