Heimesjukepleien i Hol: Endring innført.

Helse - og omsorgssjefen i Hol opplyste til HOl kommunestyre torsdag at han no har endra ein del på den omdiskuterte omorganiseringa.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 01.02.2013 09:14

Helse - og omsorgssjefen i Hol opplyste til HOl kommunestyre torsdag at han no har endra ein del på den omdiskuterte omorganiseringa.

Endringane går i korte trekk ut på at dei som arbeider i tenesta og bur i øystre Hol ikkje lenger må køyre til den nye basen på Geilo kvar einaste morgon og kveld. Det er no avgrensa til ein eller to turar kvar veke. Det blir også teke tak i arbeidet med å innføre elektroniske hjelpemidlar som vil gjera rutinane enno enklare for dei tilsette.

Du kan sjølv høyre kva som vart sagt om dette og debatten om planen frå kl 0900 fredag då kommunestyret går i reprise.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS