Politikk:
Ber politikarane stoppe Storeliaplanen.
Rådmannen i Hemsedal vil ikkje leggje ut reguleringsplanen for Storelia før den har gjennomgått fleire endringar.
Planforslaget er no fremja som såkalla paragraf 30 sak - her kan planutvalet seia nei til vidare behandling eller sende den vidare. I dette tilfellet vil rådmannen seia nei til det forslaget som ligg føre og ber politikarane leggje følgjande prinsipp til grunn for eit revidert framlegg: - Planområdet bør innanfor det avsette reiselivsområdet avgrensast mot tilgrensande planområde slik at planstatus er klar og eintydeing. - Trafikkanalysen bør gje svar på om ei utbygging i området vil påverke kapasiteten i krysset ved Holde Bru og riksveg 52. - Merknaden frå Hemsedal Skisenter i forhold til Holdeskarvegen bør vurderast nærmare. Formålet er å sikre god framkome og trafikktryggleik på Holdeskarvegen og tilfredstillande parkeringsmoglegheiter, samtidig som ein legg til rette for å sikre areal til utbetring av ”flaskehalsar” i skisenteret. - Fordelinga mellom varme og kalde senger skal vere 70 prosent varme og 30 prosent kalde. Dei kalde og varme sengene skal lokaliserast til eigne klart avgrensa områder. Innanfor areal avsett til næringsformål (varme senger) tillet kommunen ein høgare grad av utnytting enn i områder avsett til fritidsformål (kalde senger). - Det må ryddast slik at det er samsvar mellom planføresegnene, plankartet og teiknforklaringa til plankartet. Planføresegnene bør blir meir presise i forhold til grad av utnytting - Rekkjefølgjeføresegnene i kommuneplanen må innarbeidast som vilkår i planframlegget. I tillegg meinar utvalet at det vil vere ei styrkje i forhold til plangjennomføring om utbygginga i området blir styrt i etappar, dvs. delområde blir ferdigstilt før utbygging i neste delområde.
Planområdet er lokalisert ved Hemsedal Skisenter og omfattar arealet mellom Holdeskarvegen og Skarsnuten Fjellandsby. Samla omfattar planen eit areal på ca 200 daa. Innanfor området er det 6 bebygde fritidstomter.
|