Sterk innsats i Hamarleikane.

Fleire hundre skøyteløparar frå heile landet har vore samla i Vikingskipet i helga.
Sport
Knut Medhus
Publisert : 06.01.2013 19:41

Fleire hundre skøyteløparar frå heile landet har vore samla i Vikingskipet i helga.

Dei som gjorde det skarpast var to karar frå Hol - Henrik Fagerli Rukke og klubbkamerat Kristian S Reinton. Desse sørga for dobbelt i klasse gutar junior B . Henrik på fyrste og Kristian på andre plass. I same klassen vart Tomas Medgard frå Gol nr.7. I jenter junior B tok Hilde Brennhovd bronse.  I Junior C gutar fekk Ole Henrik Haugen frå Gol 12. plass og Tomas Park Hagen 24. plass. Men karen persa med nesten 2 sekund på 500 meteren.To fall øydela for god plassering samanlagt.  I dei yngre klassane fekk Anette Eidsberget frå Gol ein 11. plass i klasse 11 år jenter og Robert Sleeking frå Hol ein 16. plass i 11 åt gutar.

Du finn alle resultata her:  http://www.n-s-f.no/filarkiv/resultater_hl/2012-2013/res_hamar_dag2.pdf








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS