Ropar varsko for Fv 50.

Osvald Turlig i Aurland har sendt eit brev til både Hol og Aurland kommunar der han uttrykker si bekymring for regulariteten på vegen.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 04.01.2013 12:48

Osvald Turlid i Aurland har sendt eit brev til både Hol og Aurland kommunar der han uttrykker si bekymring for regulariteten på vegen.

 

 

 

Syner til oppslag i Bergens Tidende denne veka,og til samtale eg har hatt med sjåførar som dagleg køyrer og kjenner denne vegstrekningen godt. Dei  seier at med så lite snø som det førebels er i fjellet, bør ein med skikkeleg utstyr og mannskap greie å holde vegen lenger open, før ein stenger ev. innfører kolonnekøyring.

Dei stiller seg undrande til kor raske brøytemannskapet er  med å innføra kolonnekøyring/stenge denne vegen. Dette fører automatisk til auka trafikk på Rv 7 Hardangervidda med dei problem og farer det fører til. Me som hugsar nokre år attende, vil minna om kva som skjedde på Vidda, når kolonnen køyrde seg fast, og folk måtte søkja tilflukt i ei hytte på Halne. Det var vel berre flaks at liv ikkje gjekk tapt då.

Har denne prioriteringa med at Hol- Aurland  har status som  fylkesveg mot alle dei andre vegsambanda mellom Aust og Vest som har riksveg eller europavegstatus.

Eg ber på det sterkaste at politikarane både i Aurland og Hol  følger med på kva som skjer, og at det blir halde både godt nok utstyr og mannskap til at regulariteten for vegen blir så god som mogeleg. Denne vegen er i allefall lettare å holde open enn Hardangervidda.

Om ikkje me følger med på kva som skjer, så er eg redd for at dei kreftene som arbeider for ¨å vinterstenge Hol- Aurland vil vinna fram.

Aurland 3 .januar

Med vennleg helsing

Osvald Turlid








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS