Sterkare satsing på etablersenteret.

Regionrådet vil ha fleire folk til å hjelpe etablarar i Hallingdal.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 30.09.2005 16:03

Regionrådet vil ha fleire folk til å hjelpe etablarar i Hallingdal.

PÅ møtet fredag var etablering eit hovudtema, og det var stor semje mellom ordførarane om at no må det satsast enno sterkare på rettleiing og hjelp for alle dei som vil etablere noko her i dalen. Hallingdal etablerersenter på GOl blir rent ned at folk frå heile dalen, og no er fagstyret bedt om frå regionrådet å få ein stilling til på plass så snart som mogleg. Dei skal forsøke å finne eksterne finansieringskjelder, men også kommunane i dalen må rekne med å punge ut litt, og ordførarane skal kvar for seg sørge for at det kjem med meir pengar i budsjettet til å styrke etablerersenteret for dalen.

Som kjent så viste ei stor undersøking gjennomført av NHO at Hallingdal er den regionen i landet nest etter Oslo der det er størst etablerlyst!








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS