Skarvheimen fjellfisk best.

Det var skarp konkurranse om å bli nasjonalparkmester i rakafisk laurdag, men best av dei beste var fisken frå Skarvheimen fjellfisk.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 25.11.2012 11:12

Det var skarp konkurranse om å bli nasjonalparkmester i rakafisk laurdag, men best av dei beste var fisken frå Skarvheimen fjellfisk.

Mesterskapet var arrangert på Hallingstuene laurdag og 18 rakafisknedleggjarar hadde levert inn to fiskar for bedømming. Den erfarne juryen besto av Kjell Fuglehaug, Ola Stave, Anne Øvrejorde og overdommar Halgrim Berg.  Etter at ein fullsett sal med rakafiskentusiastar hadde fortært ein framifrå 5 retters rakafiskmeny kunne overdomar Berg kunngjera koss det heile hadde enda opp.
Han understreka at det var mykje svært flott fisk som var levert inn og dei tre beste vart: Ellen Mørk, Jan Birger Furuseth og best av dei beste, Skarvheimen Fjellfisk ved Geirmund Tormodsgard og Kirsti Skrattegard. Dei fekk 92 av 100 poeng av dommarane.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS